søndag 15. juni 2008

Lufting av seil





Søndagstur. Nordaustleg bris. 17 grader og lettskya. Mannskap Roald Steinar. Fylte 84 liter diesel på Leirvik. Pris 10,39. Takk og lov for at me har seil. Kurs mot Langenuen. Tett varmtvannstank og ingen oppvask.

lørdag 14. juni 2008

Vannlekkasje

Endeleg er lekkasjen i varmtvannsberederen tetta. Viste seg å vera brudd i ledningen som frakta det varme vatnet. No er ei midlertidig løysing på plass. Ny kopling, men samme gamle plastrøret. På sikt må det skiftast for å ha noko å stola på. Røret som er der no er alt for tynt og sprøtt. Må ha 2,5 mm. Vel, det er berre å gå igang med oppvasken.

tirsdag 10. juni 2008

Den store bonedagen

Ingen perfekt søndag. Våkna med djevelsk store smerter i nakke og skulder. Og det trass i ekstra madrass. Uforklarleg, men legen hadde svar.

På ein måte passa det fint sidan det vart landligge og bonedag. Ekstra forstrekningar kom til unnsetning. Det vart jo slettes ikkje så verst, sjølv om det står att ein god del. Roald og Steinar kan ta resten neste helg :)

Vel, eg kunne ikkje gjera så mykje anna enn å ta eit og anna bilde. No knaskar eg tabelettar for harde livet. Ser ut til å vera like nyttig som tyggis.







lørdag 7. juni 2008

junihelg dag 2

Avgang Leirvik kl 12.30. Sørleg bris, skyfritt. Satsar på årets første bad. Kapteinen har med seg Steinar som mannskap. Sju knops fart. Kurs for Hidle og omeng. Ferskvannslekasjen i varmtvannstanken gjer komforten litt mindre.







fredag 6. juni 2008

Første sommarjuni

Nydeleg junifredag. Godt over 20 grader i lufta, 17-18 grader i sjø. Vestleg vind. Med andre ord PERFEKT!