mandag 2. mai 2011

Årets første og meir til



For ei fantastisk fin helg. Første utepils på Verftet fredag. Første hang over på lørdag og første mai på søndag. Men det stoppa jo ikkje der. Første seilas på søndag og kruna på verket, første grunnstøting ever like etter.

Dette skjedde: Kapteinen skulle på sedvanlegvis, som er å stå høgreist til rors og skua særs verdensvant mot land, berre gli Bris inn til Solsneset. Om bord eit avslappa mannskap, på land beundrande tilskuarar. Farten ligg på under 3 knop. Kartplottaren er fininnstilt, men kapteinen er sjøvsagt lommekjend i farvatnet. Ingen grunn til bekymring. Så; ut av det blå, som lyn frå klår himmel, som jula på kjærringa får Bris bråstopp. Mannskapet flyr ikkje vegg i mellom, men må setja sjøbein. Kapteinen grip om roret så knokane kvitnar og lar haka falla fritt mot dørken før han desperat får slått bakk. Før sjokket har lagt seg speidar kapteinen rundt seg. Var det nokon som såg dette frå land? Har dei varsla redningstenesta? Nope. Ingen heva eit einaste augebryn. Kunne me ta så feil? Braket og ristingane var stere nok til å høyrast langtvekkistan. Ingen lo. Ingen vinka. Likevel tok mannskapet ingen sjansar. Luker vart inspiserte for mulige lekkasjar, mens kapteinen finstuderte kartopplysningane i håp om å reinvaska seg. Alt såg fint ut bortsett for kartet. Men kva den svarte rundingen skulle symbolisera må sjøforklaringa avdekka.

Med halen mellom beina sette mannskapet kurs for heimehavn. Grilling får vera grilling. Lite vart sagt. Ingen sjømannsviser vart sunge. Stemninga var trykka. Men båten bar og vart buksert inn i båsen etter alle kunstens reglar.

Vel framme vart båten saumfart innvendig for sprekker og mulige lekkasjar ein gong til. Etter litt diskusjonar så vart det bestemt å rekvirera dykkar. Spørsmålet var kor stor medfart kjølen hadde fått. Dykkar kom, gjekk under og vart borte ei god stund. Me var førebudd på det verste, men heldigvis kom han opp igjen. Og med seg hadde han svært gode nyheter. Etter å ha leita litt, fann han ei lita skrape nederst på kjølen på styrbord side. Mulig me har mista tre gram bly. Ingen sprekker i alle fall. Dei største skadane vart nok gjort på kapeinen si æra.