søndag 31. juli 2011

Bakkasund

Flott opphald i Bakkasund. Cloelia kom inn seint laurdag, etter ein frisk mot motvindstur frå Eldøyane. Bris returnerar til Bergen i ettermiddag.

lørdag 30. juli 2011

Tidsløp mot skodda

Med vermeldingar som lova sol og fin vind, blei båten klargjort og pakka for tur torsdag kveld. Kursen var staka ut og mannskapet var klar for avgong kl 19, etter å ha ete ein betre middag i om bord. Motorseiling ut byfjorden. Over Sotra kom tåkeskyene snikande ut på kvelden. Vinden auka også på, og med eit litt haltande mannskap blei motor vurdert som det beste alternativet. Etter å ha stått stiv i kald skoddevind, var det godt å koma inn til Bakkasundet kl 22.30. Populær havn for mange, men me blei tatt imot av eit eldre seilpar som geleida oss inn på utsida av Gib'Seaen sin.

Med eit glas rødvin og litt snack under cokpitteltet senka roen seg. Deilig å overnatta i båten igjen. Har faktisk gått eitt år sidan sist.