torsdag 31. juli 2008

Nye fortøyningar

I dag innser eg at mine kunnskapar om tauverk og knutar kjem til kort. Spleising har aldri vore mi sterke side, men øving gjer meister heiter det. Ja da!!! Akkurat no er eg forbanna på at spleisen ikkje blir perfekt. Greit å få det skikkeleg når ein først skal laga nye fortøyningar til båten. Det kjekkaste er jo å kasta tauverket og seila mot ope hav. Ser ut til at det kan bli den beste løysinga i dag.

onsdag 30. juli 2008

Eit lite herremåltid

Skikkeleg "røten" vind mot slutten av dagsetappen. Svært skiftande og kraftige fallvindar etter Jektevik, men før det fin lens. Motor frå Eide og fram til Raunholm. Kjapt bad og ein liten matbit. Overskya, men varmt. Retur til Leirvik og ei rolegare hamn. Kastevindar på over 20 knop gjer det vanskeleg å ligga på svai.

Endeleg vind


Ein frisk bris frå sør-vest, som atpåtil er stabil. Rundt 5 knop nordover Langenuen. Satsar på ein badestopp på Raunholm. La frå kai i Leirvik 12.15 etter å ha fylt opp kjøleboksen med godsaker. Ny gassbehaldar til 195 kr kjøpt inn.

From Cloelia

mandag 28. juli 2008

Skånevik

Fin innseiling til bluesbygda i Etne. Grei gjestehavn med straum og vatn. Dog ein smule nedslite og ikke heilt up to date. Manglar internett, men utsikten er uslåeleg.

Rekordvarmt i sjøen


Aldri før har sjøen i Hordaland vore varmare enn akkurat no. Behagelege 25,6 grader i Bjoafjorden ved Romsa er rekord. Over alt er det godt over 22 grader. I går målte eg jamne 23 grader på min ferd sørover Langenuen.

Hvem kan segla forutan vind

Nesten blikkstille på fjorden. Ørti grader og kanonfint ver. Tøffar utover mot Bjoafjorden, etter å ha fått topplada batteria på Leirvik. Ser ut til at det må etterfyllast vatn på cellene, evt skifta heile batteripakken. Men akkurat no gjeld det å få kjøla seg ned, så ei kald ei må nok fiskast opp av kjøleboksen :)

søndag 27. juli 2008

Utlada

Utan kald øl blir det håplaust. Så difor ein særs viktig pit stop på Fitjar for å lada forbruksbatteria og macen. Ankom ei av Sunnhordland sine beste småhavner kl 10.30. Avgang kl 15.30 etter å ha fylt vatn og diesel. 94.81 liter til kr 9.59. Kurs for Raunholm og vidare til Leirvik i kveld.

Morgonstund har gull i munn

Avgang Os kl 08.00. Skyfritt, svak vind og kanonvarmt :) Retning Fitjar og Leirvik utan mannskap. På tide med påfyll av straum og vatn. Ser ut til at forbruksbatteria har gjort sitt for sesongen.

lørdag 26. juli 2008

Den store badedagen

Anette nytt mannskap om bord på Os. Avgang kl 11 med kurs for Lepsøy. Vindstille, 27 grader i luft og 23 grader i sjø. Varmaste sjøtemperaturen så langt. Badebuksa blir nesten ikkje tørr mellom stupa. Mannskapet tar ei lett økt med Lreingjering av skutesida. Her er plassen å vera for dagen, før retur til Os for kvelden.

fredag 25. juli 2008

Den ubestemmelege turen


Himmel og hav for eit ver!!! Det som eg trudde skulle bli ein fin tur til Romsa onsdag, vart brått omgjort til ein tur til Flatråker. Inger hadde ombestemt seg og ville likevel bli med på tur. Eg er ikkje den som er gniten på å la folk få oppleva seillivet. Ny kurs i 12. time. Lite vind og motor til Tysnes. Mannskap om bord kl 12.15 og kurs for Langenuen retning nord. Litt fram og tilbake, så kom det god seilvind. Fin kryss oppover til Sandvikvåg. Is og det som høyrer med. Retur Flatråker og tid for å mønstra av. Men så enkelt skulle det ikkje bli. Ubestemmelege tysnesingar. Men når ein falle pladask for seillivet blir andre gjeremål uvesentlege. Landsskytterstevne kunne venta ein dag eller faktisk to til. Så ein kort tur på onsdagen er blitt til tre dagar på sjøen i sunnhordlandsbassenget. Slikt rører jo eit seilhjarta. Kort oppsummert: Onsdag kveld Leirvik og ankerdram hos Dag Inge og Hanne. Torsdag Borgundøy og grilling. Men i dag var det ugjennkalleleg slutt, etter å ha lagt på svai ved Lykelsøy i natt. Kurs for Os i kveld, etter eit kort besøk på Eide.

onsdag 23. juli 2008

Ny båtplass

Morgonstund er gul i grunn

Eldøy: Frukost i lettskya fint ver. 15 grader og lite vind, men det kjem seg. Kurs for Romsa og Skånevik.

tirsdag 22. juli 2008

Ny båtplass!!!

Endeleg er ventetida over. I meir enn eitt år har me sett fram til den dagen båtplassen stod klar. Og i dag fekk dugnadsgjengen lagt ut uteliggarene til ni båsar inkl vår bås. Tredje innerst og utanfor Bjordal. Herleg!!

Endeleg seilferie

Kanskje ikkje den mest glamorøse starten på seilferien å ligga i fortøyningane dei første dagane, men båtlivet er uansett igang. Dugnadsarbeid i båthavna må til om det skal bli noko ny båtplass denne sesongen. Alternativet er uaktuelt. Løyse tamp i morgon. Vermeldingane ser svært lovande ut. Ship o hoi :)