onsdag 8. september 2010

Roger, Charlie og Foxtrot

Så har Bris fått seg eit herleg lite registreringsnummer. RCF 700 bør vera greit å husgsa.

tirsdag 7. september 2010

Silkeseilas

Sommaren klamrar seg fast, til stor glede for Bris. Liten vits å legga skjul på at det er litt enklare å legga ut på tur i godversdagar. Med gode 20 grader og ustabil vind i frå sør, så har me brått ein silkeseilas. For når tilhøva er slik at kapteinen om bord i Lykkeliten kan stå til rors i t-skjorte, ja då er det sommar og godt seilføre.

lørdag 4. september 2010

Sandviksdagane

Sandvikspatriotar som me er så måtte jo Bris få visa seg fram på fjorden i høve Sandviksdagane. Om ikkje frammøtet langs land og på fjorden var allverden, så hadde Bris fornemt besøk frå Oslo. Såpass vind at me kom opp i 4,5 på fokka. Delvis skya og fint vêr. Vind frå sør og ok temperatur til september å vera.