søndag 22. april 2012

Vårreingjering

Bris fekk seg ein etterlengta omgang med skurekost og vatn. Også fokka er på plass, så no er det berre å håpa finvêr.

torsdag 19. april 2012

Årets første seiltur

Vår, sol og fin seilvind. Livet som båteigar er som regel god på slike dagar. Fokka har fått overvintra innom hus i år, men storseilet gav nok fart til at smilet kom fram hos mannskapet. Hyggeleg å ha tidlegare "Lykkeliten"-mannskapet med på tur.
Bris skulle endeleg hentast etter meir enn ein månad hos Båtservice Vest i Florvågen. Å få skjert til dei nye platene til dørken skulle visa seg å vera veldig vanskelig. Men no er platene på plass, dog med forskjellig farge på fugene. Hakka i kjøkkenfronten og lekkasjen i dieselmålaren er ikkje gjort noko med. Fascinerande kor lang tid det kan ta å få ordna opp i ein reklamasjon. Sjølv om Lunde Båt lova dyrt og hellig at no skulle det fiksast, så skyffar dei nok ein gong.