søndag 12. juni 2011

Trulovingsseilas

Med innleigd mannskap fekk Bris ein etterlenkta tur på fjorden. For lite har handla om segling og båtpleie den siste månaden. Turen i dag gav meirsmak og eit lite håp for sommarferien. Men det kjem an på om fysikken til mannskapet blir fullt ut restituert før feriestart.

Dobbelt lykke om bord i Bris 1. pinsedag. I tillegg til hyggeleg selskap hadde mannskapet æra av å ha med seg eit nyforlova par. Champagne og jordbær er aldri feil, heller ikkje på svak slør i Byfjorden.

Turen gjekk litt på måfå før kusen vart sett mot Solsneset. Men då skylaget sprakk opp bak oss gjorde mannskapet vendereis. Lunsj på Laksevåg i nydeleg vêr, før retur til heimehavn. Bris er eit stykke unna toppfarten, så det er på tide med vårpuss.