søndag 27. juni 2010

Bursdagstur

Per Vidar og eg måtte skynta oss tilbake frå Stord. Den gode niesa mi er blitt tenåring og kva passer vel betre enn å feira den på Bris. Me henta rakkarungane, Kari og Inga på Nordnes. Dei hadde ordna med mykje god grillmat og drikka. Turen gjekk til Solsneset der me kosa oss til seine kvelden. Årets fyrste marshmallow vart grilla på perfekt måte. Ein strålande dag!










søndag 20. juni 2010

Ny gummibåt















Har lenge hatt lyst på ein hendig gummibåt. Både praktisk når ein ligg i uthavn og så hevar det tyggleiksnivået. Etter å ha sondert gummibåtmarknaden landa me på ein liten og praktisk QuickSilver 240. Den veg berre 27 kilo, men virkar meir enn solid nok til vårt bruk. Det geniale er at den er utruleg lett å dra om bord. Så når me ligg i havn drar me den berre opp og legg den under bommen. Skulle det bli nødvendig å pakke den meir ned, så tar det berre fem minutt å få blåst opp båten.


























































Sommaren er liksom ikkje komen heilt i gong, sjølv om me snart nærmar oss den lysaste dagen i året. Kald nordavind gjer det kaldt, men det går fint så lenge me finn le for vinden.















Så fekk Bris besøk av Lykkeliten. Etter litt ankerjobbing fekk me fest nok til at begge båtane låg for samme anker. Og slik fysisk utskeiing blir ein jo svolten av, så det var bra med litt restemiddag ut på kvelden. Vinden minka ein del på kvelden, men me fekk heist seil og hadde fem knop på det meste.

lørdag 19. juni 2010

Ny vindmålar

Problemet med vindmålaren er løyst etter ein del feilsøking. Den som stod på fungerte utruleg nok ikkje. Ny var på plass iløpet av fem minutt. Imponerande klatreferdighetar av West Coast Yachting.

Vannlekkasje


Mange bekker små og vips så har du ti liter i kjølsvinet. Eine koblinga til varmtvannsberedaren var ikkje heilt knept på plass, dermed har drypla jamt og trutt. No skal den vera i orden, men rørsystemet i Bavaria er neppe kjent for å vera særleg robust.

Ankerfeste

Etter tips frå John så valgte me Noafeste til ankeret. Klaringa var ikkje allverden, men det bør gå greitt. Med litt polstring under ankeret unngår forhåpentligvis hakk. Verre er det om kreftene sviktar i det ankeret skal på plass.

torsdag 10. juni 2010

Solsneset

Da capo av gårsdagen, dog litt meir overskya i dag. Heldigvis letta det litt på kvelden, men det var antydning til eit par dråpar tidlegare på dagen. No ser det ut til at sommaren tar ein pause, men båtlivet er ikkje så verst for det.







onsdag 9. juni 2010

Idyll


Ingen bakdel å vera tidleg ferdig på jobb med det vêret me har om dagen.

Med nytt anker og ankerrull har me endeleg fått utforska uthavnene i Byfjorden. Trur me har funn drøymeplassen vår på Askøy, og det like i nærleiken av heimehavna. Rett og slett eit lite paradis.

Ankeret fungerte greit sjølv utan kjetting, men me må nok med tida ha litt ekstra for fjæring. I iveren etter å koma oss på fjorden gløymde me att fortøynigstrossa på land. Men fem-seks fendertau gjer også nytten.

Fruen gjekk rett frå jobb og mønstra på i Vågen. Tid spart og kva er vel betre enn å bli henta med skuta si på jobben? Perfekt! Med middag i kjøleboksen var det berre venda nasen ut fjorden med bris i håret og full sommar.

tirsdag 1. juni 2010

Askøybrua tur-retur

Fine dagar kjem ikkje rekande på ei fjøl, så det gjeld å nytta høvet. Litt kjølegare i dag enn i går, men desto meir vind frå nord. Frisk bris og toppfart i underkant av seks knop på skarp slør. Alrik, Stine Mari og Hilde var hjelpemannskap på dagens tur ut til Askøybrua


No slepp me ikkje til kven som helst bak roret på Bris, men ettersom Stine Mari har hatt sine timar bak roret på "Lykkeliten" så fekk det vera meir enn bra nok. Så skadar det heller ikkje å folda hendene i ei stille bøn om at det må gå bra.