lørdag 6. september 2008

Då håpet var som størst

Slaget er tapt

Heller ikkje i dag vart me samde om reglane. Målpassering skapte heftig diskusjon. Øst eller vest av Kyrkjeholmen. Uansett så må me berre innsjå at Totti-laget hadde ein kjappare båt. Hanse 350 mot ein grodd Bavaria 36 blei for tøft. Grilling i sommarvarme ved Fjellbergøy. Retur til Leirvik på kvelden.

fredag 5. september 2008

Bluesseglas

Kanonver på dag 2. Og meir er det ikkje å sei om denne dagen. Knipen siger til Totti-laget. Tre timar frå Ljøkelsøy til Skånevik. Tacofest i båten og utsikter til bluesmusikk på kvelden.

Lunsjstopp

Ujamn konkurranse på dag ein. John sitt lag stakk av og fekk eit forsprang som var umogeleg å ta igjen. 2 timar og 16 sek på vinnarane. Ein halvtime etter kom me andre i mål som god nr 2. Lunsj og evaluering av dyktighet og udugeleghet ved Ljøkelsøy. Neste etappe inn til Skånevik. No skal me ta dei.

Gutatur 2008

Dag 2 på årets gutatur. Føyno som første deletappe torsdag. Første dag av seilkonkurransen går frå Føyno til Ljøkelsøy. Bjordal tjuvstarta sjølvsagt, så her luktar det protest. Åsmund og Ole Jacob utgjer mannskapet om bord. God start e løna med øl.