torsdag 18. august 2011

Teakbehandling

Produktutvalet for behandling av teak om bord i båt er rikhaldig. Det samme er råda for kva som er lurt å gjera. Nokon svergar til SnappyTeak, andre til grønnsåpa og skurekost. I år satsar me på nanoteknologi. Holmenkol sin Woodcleander + Brightener lovar eit fantastisk resultat utan å vera skadeleg for treverket. Så i eit forsøk på å bevara teaken best mulig, samt redusera tidsbruken på vedlikehald, slår me til på vidunderstoffet til ein prislapp på godt over tusenlappen. Lovnaden er at teaken blir god som ny.
Ein pakke rensemiddel utblanda i 10 liter med vatn skal løysa opp skit og smuss, og få fram fordums prakt. Me går på med krum nakke og ein skurekost. Ingen tvil om at treverket var skittent. Eit par rundar måtte til før skyllevatnet såg nokolunde reint ut. Å sei at det såg som nytt ut, er å ta litt hard i, men det blei i alle fall betre. Etter at alt hadde fått tørka godt opp forsegla me teaken med to strøk av nano-stoffet. Restulatet blei alt i alt bra. Overflata har no fått ei vannavvisande, UV-bestandig hinne som ikkje tar til seg algar og skit, dessutan er det lett å reingjera. I tillegg er det minst like sklisikkert som før. No blir det spanande å sjå kor lenge det varar.

onsdag 17. august 2011

Irriterande ladesvikt

Batteriladaren ser ut til å ha tatt kvelden, og det berre etter eit drygt år i drift. Enkel feilsøking gav lite svar. I den ellers rikhaldige manualveska som føl med båten, mangla sjøvsagt instruksjonen til Quick-ladaren. Fann den på nettet, men til liten nytte. Det er berre å føra opp ladaren på reklamasjonslista til Lunde Båt. Har venta i over eitt år på å få utbetra transportskader på båten, men ingenting har skjedd så langt.

lørdag 13. august 2011

Supaneset

Fin ankringsplass ved Supaneset heilt nord på Lysøen. Kanskje mest ideell når vinden komme frå sør. God djupne. Svaberg innerst i bukta som gjer det enkelt å gå i land med lettbåt.

Lettskya fint vêr og sommartemperatur. Kanskje det blir ein tur til komponisthytta.

fredag 12. august 2011

Saken er biff


Ytrefilet med soppstuing, asparges og stekte poteter, akompanjert av eit glas rødvin. Mmmmmm....

Årets første bad





Betre seint enn aldri, men årets bad satt langt inne. Trudde det var 19 grader ved Lysøen, men etter at det første sjokket hadde lagt seg fekk me verifisert temperaturen til 17. Heldigvis er det langt varmare på land. Kapteinen blei derimot snytt for å vera fyrstemann uti.

Etter sjøsetting ved Askøy Seilsportsenter, stod årets første bunkring for tur. Drivstoffprisane har ein tendens til å gå kraftig opp mellom kvar gong Bris skal ha påfyll, men 100 liter à 10,49 skulle nok halda til neste år.

torsdag 11. august 2011

Mission complited


Knallhard jobbing seint og tidleg har fått fram glansen i Bris. Då skuta kom opp mandag, såg det nesten ut som ho hadde vore på sjø i fleire sesongar. Kilovis med blåskjell og rur hadde funne seg svært godt til rette. Hard skrubbing, vask og høgtrykkspylar tok det verste. Skutesida er polert og voksa og resultatet er rett og slett blitt vakkert. Føle me har fått ein ny båt.

Sjøsetting kl 18.30 i dag var rett og slett perfekt med det vêret som er meldt. Og at mannskapet avspasserar fredagen kallar me god timeing :) No skal det bli deilig med eit par dagar i båten.

tirsdag 9. august 2011

Fargerik bunnstoff er in i år

Gode råd er dyre når tida er knapp og du står der med to boksar bunnstoff i ulik farge. Butikken er stengt og båten skal ut så kjapt som mulig. Her er det berre å kline til.

Kort fortalt, slik gjekk det til: I villfarelse, eller eit snev av akutt fargeblindhet, tok kapteinen første og beste spann med seg frå butikken i dag. Det viste seg å vera BLÅ. Fin farge det. Problemet var at første spann av fargen SVART vart kjøpt lørdag.