onsdag 18. august 2010

Full guffe i solgangsbris

Reker og krabbe til middag, rask seilas til dessert. Sommaren held fram med deilig temperatur, og når sola kikkar fram er Bris førstevalet. Vinden kom også etterkvart, og me fekk god fart ned mot Helleneset. På skarp slør kom me opp i 6,9 knop i vindkasta. Men mykje vind er ei utfordring når Bris skal bukserast inn i båsen. Då er bakking litt bale.

onsdag 11. august 2010

Oppgjerets time















Ved første augekast er det lett å bli forelska i den nye Bavaria 32 Cruiser. Gedigen badeplattform og ein elles så svært freistande utforming med sært mange gode løysingar. Det er likevel eit par ting å setja fingeren på.

Til sengs
 













Første date ser bra ut, tiltalande og fresh i stilen. Belysninga i salongen er noko av det beste me har sett. I tillegg er interiøret, lyst, funksjonelt og triveleg. Det er først når lyset er sløkt og du lettar på dyna at den første kjensla av at noko ikkje er som det skal vera.

Akterkabinen som såg så stor og flott ut i fantasien har krympa til knallhard røyndom. Den blir faktisk i minste laget for to normale menneske. Ulike sovestillingar blir testa ut. Rett fram. På skrå. Andføttes. Sitjande. Same resultat. Det er kul umulig å vri seg utan at ein dultar borti noko. Dermed får ein fort litt klaustrofobi. No skal sant seiast at det er lagt på ei overmadrass på kanskje 8 cm, men standardmadrassane er med respekt å melde til å få ryggproblem av.

Forkabinen har hatt overnattinggjester utan nemneverdige klager, men også her blir det trongt heilt innerst i baugen. Derimot er det betre armslag. Om dette kan fungera som hovudlugar gjenstår å sjå, men det skal testast ut.

Sofaen i salongen er lang nok for dei fleste. Breidda er heller ikkje så verst. Til middagslur fungerar dei ypparleg, men også som overnattingsplass.

Tankeforviklingar
Misforstå ikkje. Bavaria har laga ein svært romsleg 32-fotar med eit tiltalande ytre og indre. For å føregripa konklusjonen så er me godt nøgde. Men vår erfaring etter ein halv sesong er at den kunne vore betre på komfort.

Vasstanken er på 150 liter. Ikkje spesielt mykje om ein har lyst å ligga ei helg i uthamn. Det går styggfort å tømma tanken om ein ikkje er særs gniten på dråpane. Verre er det at septiktanken også er underdimensjonert. No kan ein jo alltids rømma til havs for å tømma skiten, men det er ikkje alltid like lett.

Kvifor dieseltanken er like stor som vasstanken er litt uforståeleg. Me er trass alt om bord i ein seglbåt.

Regnar inn
Cockpiten er svært romsleg. Med cockpittelt blir det eit ekstra opphaldsrom når veret blir litt vått. Då er det irriterande at dreneringa fram om sprayhooden fører regnvatnet inn på dørken i cockpiten. Vatnet går bakover under rekka ved luka ned til salongen, og så ned langs sidene. Regnar det slik det kan regna på Vestlandet, så kjem vatnet sildrande inn på drøstokken og vidare ned i salongen.

Konklusjon














Skal godt gjerast å finna ein båt som oppfyller alle ønskjer og krav. Spørsmålet er kor mykje som kan modifiserast. Bavaria Cruiser 32 er etter alle solemerker den største i sin klasse. Her får du uhorveleg mykje seglbåt for pengane. 

Så langt har det vore få barnesjukdomar. Båten seilar godt og verkar godt skrudd saman. Finishen er som forventa.

Crazy flekkefjording

 

Eit smule uvanleg syn i norske fjordar. Hangglider med motor og gummibåt til understell. Den flygande farkosten vart observert susande ut frå Flekkefjord, før han returnerte innover og høgt til vers. Flytida var godt over ein time.

mandag 9. august 2010

Tilbake til start

Etter kvart som stadig fleire gjess vart observert med nebbet sørover, innsåg me at det var på tide å setja kursen nordover. Før siste etappe tok me oss tid til litt sightseeing i Fitjarøyane. Konklusjonen er at her skal me tilbake. Båtferien hadde garantert blitt litt lengre om vêrmeldingane hadde vore litt meir lovande dei neste dagane. Men kjensla av å gå i land etter tre veker i båt er ikkje så verst. Turen har bydd på mange og fantastiske opplevingar.

søndag 8. august 2010

Fitjarøyane

Kort etappe til Gloppholmen i dag, etter å ha lagt i Leirvik i natt. Stabil nordavind gjorde det fint å kryssa oppover Stokksundet. No ha Bris funne seg godt til rette blant holmar og skjær i Fitjarøyane. Mannskapet har fyrt opp grillen og siklar etter å setta tenna i ein saftig biff.

fredag 6. august 2010

Gourmetkveld

Leirvik havn får stjerne i boka. Oppgraderingane før sesongen har gjort gjestehavna langt meir atraktiv enn tidlegare. Nye flytebrygger og nytt flott servicebygg får stjerner i boka. Det får også fiskesuppa til mannskapet. Fire sultne munnar frå Kviteluren sleikte seg rundt munnen og gav tommelen opp. Flott seiltur frå Leirvik til Løkjelsøy. No nyt me sommarkvelden. Om vêret står oss bi blir det kanskje morgonbad i morgon.

Storreingjering

Storvasken må gjerast sjølv i ferien. Merkeleg nok tar det lengre tid å få skikk på 32 fot med båt kontra 60 m2 med leiligheit. Men heime ligg ein ikkje akuratt på alle fire og skurar golv, dunkar borti det som kan dunkast borti og bannar stilt over alt rusket som har gøymt seg lengst vekk. No er alt gløymd. For båten duftar reint og ingen fare for at det skal komma hår i suppa.

torsdag 5. august 2010

Roleg tur over Sletta

Då har me lagt Haugesund, Karmsundet og Smeasundet bak oss. Flotte forhold over Sletta i dag. Liten bris og 5 knopp. Overskya, men t-skjorte-vêr. Nye og spanande dagar ligg framfor oss. Truleg blir det innover mot Romsa eller Ljøkelsøy.

mandag 2. august 2010

Stavangerliv





Mannskapet har hatt varierte dagar i oljebyen. Frå late dagar på vakre Lindøy til full guff på Gladmat-festivalen. Dei store smaksopplevingane vart det kanskje ikkje. Ein kebab i farten for å få blodsukkeret under kontroll var behaldninga. Desto betre var det å treffa på gamle kjente.

Etter to netter hos Lunde Båt vart det endeleg montert kryssholdt midtskips. Mellom landligge har mannskapet fått tid til eit par turseilasar. I går fekk me oss ein snartur innom den botaniske oasen Flor og Fjære på øya Hidle, sjølv om det ikkje er lov å koma uanmeldt.

Siste natt i Stavanger tok me i gjestehavna. Avreise i dag kl 10 med kurs for Haugesund. Fint vêr og frisk vind i frå nord. Ein kort lunsjstopp på Dragøya, der me fekk overraskande besøk av Lykkeliten, var me i havn i Sildabyen kl 17.