onsdag 28. juli 2010

Gå etter lukta

Då var turneen sørover over for denne gang. La ut frå Torsøyene kl 10 med kurs for Egersund. Overskya og lite vind. Gjekk på baksida av Hidra og ut i havet. Motoseilte med gode 7 knopp i medstraum. Straumen endra seg derimot raskt lenger ute og det samme gjorde framdrifta. Kunne nok tent ein knopp ekstra om me hadde studert straumkartet. Men verforholda var så perfekte at me like godt seilte forbi Egersund med kurs for Tananger. Lenger nord tetta det seg til med lett regn og redusert sikt. Frykta ei tid at skodda skulle bli alt for tjukk. Men det var eigentleg berre å gå etter lukta frå Jæren. Utanfor Jærens rev lukta det ræv. Vinden vart friskare ut på kvelden. Gjekk for motor inn mot Tananger, men valgte like greit å ta turen heilt til Stavanger. Det me ikkje hadde tenkt på var Matfestival og null båtplass. Fekk heldigvis lagt oss utanpå ein HR 37 i Bekhus båthavn. Svenskane skulle dra tidleg neste morgon og me tenkte yes no har me plass. Men den gang ei. Tydeligvis stikk ikkje HR spesielt djupt. Dybdemålaren viste 1,6 meter og sikker grunnstøting. Etter å ha gjort eit par forsiktige forhalingsforsøk gav me opp. Her tok båten nedi same kva. Gode råd var dyre og den etterlengta morgonsøvnen var det berre å sjå langt etter. Ein kjapp tur innom Lunde båt der me la oss til for frukost og eit rådslag. Men med nydeleg vêr var valet enkelt. Uthavn på Lindøy. Flott anlegg med brygger, svaberg og grasbakkar. Langt betre enn svette båthavner i Stavanger.

mandag 26. juli 2010

Flekkefjord

Kunne vore ein idyllisk plass, men eit samsurium av byggeskikkar trekk heilt klart ned. Frå sjøsida er den vesle byen lite imponerande, men tar du deg ein liten spasertur bak ein litt uheldig fasade, gøymer det seg ein idyllisk sør-vestlandsby. Rett og slett vakkert å rusla gatelangs blant trehusbebyggelsen. Heller ikkje maten er noko å skryta av. Noko lokalavisa visstnok har fått masse klagebrev om. Men me ser større på det og kosar oss i skjærgarden. Like utanfor ligg Torsøyene som innbyr til båt- og badeliv. Litt betre sjøtemp her enn på Hidra. Ei natt til her så vender me nasen mot nord og Egersund.

søndag 25. juli 2010

Det gode liv

Mannskapet nyt late dagar i ei uthavn på Hidra. Ytre Kalvekilen er ein idyll.

fredag 23. juli 2010

Hidra




Egersund gav mannskapet etterlenkta søvn. God og lun hav utan noko form for støy. I tillegg kan Okken-land by på koselege gater å rusla rundt i. Med nye krefter og nytt mot la me frå havn rundt kl 11 med kurs mot Hidra. I dag var det perfekt seilvind frå sør. Eit par sekundmeter utanfor Egersund gav ikkje rekordfart, men med litt motorhjelp gjekk det mellom 6 og 7 knopp. Ut på dagen friskare det til og me fekk fin bør inn mot Hidra. Siste strekket til uthavna Ytre Kalvekilen øst på Hidra for motor. Innløpet er smalt og egnar seg ikkje tung sjø. I dag var det heilt greitt. Litt strømsjø, men med god styrefart glei me lett inn. God djupne og flott tillaga med fortøyningsboltar.

torsdag 22. juli 2010

Jærens rev i seila

Friskt inn til Tananger i går kveld. Vinden som var meldt kom heldigvis seint. I tillegg var han ganske kraftig og ikkje spesielt fristande å gå i vidare sørover. Men etter heftig gransking av vêrmeldingane kom me fram til at det kunne gå greit å legga ut frå Tananger mot Egersund. Kl 0800 kasta me loss og var eigentleg ved godt mot. Ein halvtime seinare ikkje fullt så høge i seilarhatten. Rimeleg tung sjø og vind opp i kuling styrke. Langt frå det som var meldt. Etter litt fram og tilbake fann me ut at me prøver litt til. Betre å gå med sjøen enn å snu for å gå tilbake. Bølgene var nok opp i minst tre meter på det verste og vindmålaren stod konstant på 10 m/s sjølv om me gjekk med vindretningen. Mannskapet fekk kjørt seg, men både dei og båten stod han av. Deilig å komma inn til Egersund i strålande sol og det som må kallast sommartemperatur for ein vestlending. Her blir me til i morgon og då får sjå om me stolar på meldingane for dei neste dagane.

onsdag 21. juli 2010

Manetinvasjon

Tusner på tusner av slimete maneter over alt. Dei trenge seg inn der da måtte vera eit hol. Spesielt kjølesystemet har fått sin del, men sikkert også toalettet. Fekk renska sjøvannsfilteret for utysket, men da låg ein god slump att i ledningen. No har me bunkra diesel for 917 kr og er klar for å ta fatt sørover. I første omgang Stavangerområdet. Godt å komma seg på sjøen igjen etter to netter i Haugesund.

tirsdag 20. juli 2010

Gråver

Lite som minnar om sommar i Haugesund. Frisk bris frå sør og regn i lange banar, men det er godver i vente. Yr lovar sol og fin vind ut i veka, men kanskje ikkje dei store temperaturane. Kunne vore greit å hatt no, slik at det som er vått kunne tørka opp. Madrassa i akterkabinen er ein smule våt. Den har truleg fått seg ein sjæsprøyt gjennom det opne vindauga. No er det berre å bruka dagen til litt handling og planlegga kor dei lunaste vikene ligg i Ryfylket.

mandag 19. juli 2010

Namenam

Nok ein fin dag på sjøen. Sol for det meste, men kaldt når vinden komme rett i mot. La til i Haugesund litt før kl 20. Bra fullt med båtar i havna, men me klarar oss utan staum og vatn. Mannskapet diska opp med sushi av beste sort, og det smakte namenam.

Fitjarøyane

Frisk tur frå Horgo til Bekkjarvik i går. Endå friskare over Selbjørnsfjorden. Godt at me då fekk i oss ein halvliter i godt selskap. Men me kom oss vel i havn på Fitjar. Besøk av Kari, Kjetil, Vilde og Julie. Seinare på kvelden kom kapteinen på S/Y Fri innom for ein kaffiprat. Ny etappe er plotta inn. Vind og vêr ser ut til å vera med oss. Nett no er det sol og knallvarmt, for særleg vind er det ikkje.

lørdag 17. juli 2010

Horgo

Etter ein sur start frå Bergen kom me oss ut i havet og til klarver. Der fekk me oss ein fantastisk kveld ved Horgo i Austevoll. Solnedgang i havet var som eit postkort. Ankra opp i den nordlegaste vika. Der fyrte me av champagne til ein mozarella/tomat/basilikum-forrett. Nam-nam.

søndag 11. juli 2010

Askøy (g)rundt

Endeleg litt antydning til sommar igjen. Litt kjapp proviantering og så rett ut på fjorden. Målet med turen er å kikka litt nærmare på Askøy. Første stopp blei Kollevågen og kaien på friluftsområdet. Djupna var ikkje meir enn den måtte vera, men så var det også full fjøre. Lunsj i strålande sol. Så bar det vidare på vestsida med kurs for Gullbrandsøy. Nok ein stopp på grundt vatn. Betre blei det ikkje då me oppdaga at me hadde ankra i eit område med rørledning. Heldigvis gjekk me klar. Knall grillmiddag på kaien til broderen før me la oss til ro for natta på Herdla. Heller ikkje her er det spesielt djupt. 3,7 meter på flo gjer at det kan bli smått med søvn, men ifylgje tidevannstabellen skal det gå bra.

torsdag 8. juli 2010

Service på motor

Litt tidleg med motorservice etter knappe 50 timar, men like greit å få det unnagjort før ferien. Alt såg ut til å vera i orden. Viberasjonslyden må me berre leva med meinte Volvo. Litt irriterande lyd rundt 1400 opm.

onsdag 7. juli 2010

Irriterande brist

Mannskapet skulle berre ein liten tur ut på fjorden for å lufta segla, men me kom ikkje langt før det smalt. Sjakkelen til storseiluthalet rauk bak i akterliket. Alt tydar på at den har skrudd seg opp. Dermed var "storen" sett ut av spel, men me fekk 5 knop på fokka og ei liten runde på Byfjorden. Nye sjaklar kjøpt inn i dag. Og då med låsemekanisme som hindrar at det skjer igjen. No er båten levert til Bjordal og Madsen for 1. gangsservice på motoren. Greit å få unnagjort det før ferien. I god miljøånd så tok mannskapet med syklar om bord for transporten heim igjen. Båtturen tok 1,5 time. Sykkelturen 40 min!