fredag 17. juli 2009

Sommarferien 2009

Så var siste sommarferiedagen komen for denne gong. No ventar kvardagen, men me ser lyst på det sidan det er lenge igjen av sommaren. For det blir garantert fleire helger på bøljan blå. Frå denne ferien ser mannskapet tilbake på nesten to flotte veker i båten. Minnene frå late dagar ved Romsa og Løkjelsøy vil me leva lenge på. Bading, soling, god mat og drikke har gjort ferien uforgløymeleg. Dermed er alt styret med start- og ladeproblem gløymd.

torsdag 16. juli 2009

Baroniet

Det verste regnet gav seg iløpet av natta. Vakna opp til overskya, men varmt ver. Etter ein betre frukost om bord bar det rett til Baroniet. Med berre ein dryg kilometer frå kaien, er det ein fin spasertur. Løyste tamp kl 13.30 med retur for Eldøy. Ein del regn på heimturen, men også sol.

onsdag 15. juli 2009

Strandhogg i Rosendal

Mannskapet mønstra av mandag for eit kort miljøskifte, men var tilbake i båten dagen etter. Godt å komma tilbake til rein og rydda skute. Tirsdag fekk me forsterkningar om bord. La ut frå Eldøy kl 14.45 med kurs for Løkjelsøy. Heiste fokka for ein roleg medvindsseilas i det fine veret. Lettskya og sol førte til både bading og grilling. La til ved den nye flytebrygga, men landgangen var ikkje komen heilt på plass. Kl 18.30 satte me sjøbein mot Rosendal. Halvtimen før ankomst slo regnet til for fullt. Ingen problem med å få god kaiplass. Rosendal har kanskje landets beste kaianlegg. Nytt og moderne med bra fasilitetar.

torsdag 9. juli 2009

Ferieidyllen er tilbake

Kvar dag kjennes som eit lite mirakel. I alle fall om ein legg til grunn det som har skjedd dei siste dagane. Etter ein kort prøvetur i går ettermiddag med gjentatte start og stopp, vurderte me situasjonen som tilfredstillande. No får det berre brista eller bera. Så no nyt me livet blant holmar og skjær i Sunnhordland. Akkurat no ligg me for anker ved Løkjelsøy, litt unna dei andre båtane. Ny flytebrygge er nettopp komen på plass, noko som gjer friområdet meir tilgjengeleg for fleire båtar samstundes.

Vindstille, overskya og ca 19 grader. Badetemperaturen er over 20 grader. Livet er fantastisk.

Fugl Fønix

Veit vel ikkje helt om me skal le eller grina, men no startar motoren helt fint. Kvitfor? Nei det veit ingen. I desperasjon skifta me ein del av startpanelet utan at det gav resultat. Så skifta me tilbake til det gamle, pluss litt lirking på ladeskillaren og minusen på dynamoen - og vips så startar skiten. Så no gamblar me på at det held, og legg kursen mot litt meir eksklusive hamner enn heimehamna.

tirsdag 7. juli 2009

Fram og tilbake og nesten like langt

Morgonfrisk og rask med forventningar i blikket. I dag skal strømfeilen til pers. Elektrikar på plass kl 08.00 rusta til tennene med måleapparat. Nesten to timar seinare - like klok. Så feil kan ein ta. Gode råd er dyre. Alt frå hovudstrømsbrytaren til startaren er foreslått av fagkyndige hos Volvo. Andre har vist til dynamoen men utan at det haldt stikk så langt. Feilsøking har halde på non stop i heile dag. Svært få gode ord er notert i boka så langt. Gjenngangsmelodien er at "Eg skjønar f... meg ingen ting". Ein ting er sikkert, startaren virkar. Problemet er at startpanelet sender straumen i alle retningar. Dermed kan det sjå ut som at feilen ligg der. Men ferie er som kjent ikkje å ligga med nasa ned i leidninigar. I morgon mønstrar me av om det ikkje skulle skje eit mirakel.

mandag 6. juli 2009

I havn med god hjelp

Så var me tilbake til utgangspunktet, etter omlag tre timars seilas frå Romsa. Kraftig motstraum gjorde at me måtte slå uventa mange ganger utanfor Skjærsholmane. Likevel var det perfekt vindretning frå vest.

Utan motorkraft var det lite fristande å legga til kai i Eldøy for seil. Men naboen i havna tok utfordringa på strak arm. Gummibåt, 4 hk motor og dyktig sjøulk ved roret gjorde nytten som slepebåt. No gjenstår det å få profesjonell hjelp til å finna ut av startproblemet.

søndag 5. juli 2009

1. etappe

Då er me for fulle seil mot Eldøy. 6-7 knop og perfekt seilever. Starten gjekk som planlagt, sjølv om det i periodar var litt hektisk. Det var plenty straum til å få opp ankeret. Meir dramatisk var det som kom opp. Mannskapet skrik lettare frenetisk at ho har fått ein fleire meter lang bais på ankeret. DET ER KRISE! KOM OG SJÅ. Kapteinen har nok med seg sjølv og ber om at ankeret skal opp. Han er lettare svett rundt nebbet sidan båten har kurs mot land. Lite vind gjer at det er null styrefart. Høglytte beskjedar gjallar i den vesle, idylliske vika. Heldigvis kom det vind nok til å styra oss ut i farbart farvatn og tid nok til å få fjerna baisen/taren. Sol av og til. Frisk bris frå nord-vest og tskjorte-seiling.

D-dagen

Så var dagen komen for å gjera eit seriøst forsøk på å nå tilbake til sivilisasjonen. Litt overskya i morgontimane, men no ser det ut til at skylaget er i ferd med å sprekka opp. Framleis varmt og badetemperaturen er behageleg. No kryssar me fingrane for at solgangsbrisen står oss bi i ettermiddag. For heldigvis har me seilbåt.

Statusrapport:
Startproblem
Lite straum...
...og svært lite snop
Tomme vanntankar...
...og tomt for øl

Trass i bagatellmessige problem er humøret på topp, og enn så lenge ser det ikkje ut til at mannskapet har tenkt å gjera mytteri. Men så har ikkje førebuingane for seilasen mot heimehavn heilt begynt.

lørdag 4. juli 2009

Frukost med bismak

Nok ein fantastisk morgon med sol frå skyfri himmel. Dagens første dukkert er unnagjort og nedkjølinga kan trengast. Gårsdagens feilsøking enda med lettare sveiseglimt og svidde augebryn. Klarte på (u)forklarligvis å kortslutta hovudsikringen til forbruksbatteria. Etter lettare bannskap glei det fort over i fortviling hos mannskapet. Utsiktene til null kjøling, ingen vatn og eit mørklagt skip var ingen god tanke. Men heldigvis var det ekstra sikring om bord og spøkelsesskipet fekk på magisk vis tilbake sin eleganse. Så spørst det om me kjem oss her i frå. Straumnivået på forbruksbatteria kryp sakte, men sikkert mot raudt. Ergo er det lite straum til viktige funksjonar. Ankeret kan bli svært tungt å få opp for hand, men den tid den sorg. I dette veret gjer det ingen ting å ligga litt ekstra.

fredag 3. juli 2009

Utspekulerte Mons

Måsen Mons har lagt sin elsk på båtfolket. Fleire gongar for dagen kjem han på tiggarbesøk i håp om at me slenger uti ein matbit. Med stivt blikk søm han rundt båten vår og ser nærast bedande på oss. Sjølv om småfisken vaker like rundt beina på han, så gidd ikkje sløve Mons å stressa. Det gjer heller ikkje me. Nok ein fantastisk dag, om mulig litt betre enn i går. Så får me sjå om me får start på skuta. Straumproblem bak til startpanelet gjer at det ikkje er like lettvint.

Kongeferie

Første kvelds- og morgonbad er unnagjort. To havørner dukka opp over Romsa like etter frukost fredag. Fantastisk syn i nydeleg sommarver. Vindstille, godt over 20 grader både i sjø og på land.

Me mønstra på i går ettermiddag, etter ein maratonetappe dagen før. Med fly frå Amsterdam kl 21.30 til Oslo og rett i bil med kurs for Vestlandet og båt. Haldt oss våkne til Voss, der augo klappa saman kl 06.30. Opp igjen to timar seinare. Dusj og pakking i Bergen før siste etappe mot Eldøyane. Etter "litt" proviantering så var det endeleg klart for vind i håret og sjølukt i nasa kl 16.