fredag 14. oktober 2011

Klar for vinteren


Sprayhooden fekk seg ei runde med såpevatn, men dei mest gjenstridige flekkane lot seg ikkje rokka. Ny runde med jorslagmiddel gjorde resultatet lagt betre. Dermed var det klart for impregnering. Så får me kryssa fingrane på at den er betre rusta til ein sur vinter.

Gummibåten er vaska og pakka saman og går i opplag innomhus.

torsdag 13. oktober 2011

Fokkevask

Endelig eit par finversdagar. Sesongen blir neppe lengre av den grunn, men perfekt til å få vaska og tørka seil. Fuktig ver har satt sine uunngåelige spor på forseilet. Ubeskytta på rull blir det fort grønske og skit. Ein kjapp runde med spyleslange og svamp heima i hagen fekk av det verste, men langt frå godt som nytt. Får sjå om det er vits å ta ein ny runde til våren.