lørdag 30. mai 2009

Det var det

Aldri har det vore meir kjedelig å går for motor som i dag. Turen heim til havn var ulideleg lang. Heldigvis blir ikkje reparasjonskostnadane av seilet altfor store. Me stiller til neste år, både litt klokare og med litt meir erfaring. Me får ta med oss resultatet Askøy - Skudeneshavn: Seiletid: 17.29.00 Justert for lys: 20.06.21. Klasseplassering: 16 Plassering overall: 74

torsdag 28. mai 2009

Seildramatikk

I frisk vind satsa me på storseilet og ingen fokka. Det skulle visa seg å bli skjebnesvanger. Etter 2 timar og 30 min så sa det takk for seg med eit pang. Festet i akterliket rauk rett av og dermed rauk me rett ut av konkurransen. Veldig synd, for me hadde sett fram til å ta siste etappe. No blir det i staden kurs mot heimehavn og reparasjon av storseil.

Restart etter pitstopp

Då er me igang att. Kom inn kl 06.29 i dag tidleg. Fått eit par høneblundar, ein kopp kaffi og solkrem i aneletet. Frisk vind frå nord-vest og me er på vei nordover til Askøy.

Karmsundet

Etter 3-4 timar med vindstille i Langenuen, tok vinden seg opp utanfor Leirvik. Bjørnefjorden vart unnagjort i tre vendingar. Igjen fekk me stadfesta at skuta går godt på kryss. Me kniva med "Shantynette" (Mamba33) heile vegen nedover Nuen. No tok me dei att og gjekk forbi før Sletta. Derifrå og inn vart det ein artig kamp, der me til slutt trakk det lengstre strået. Sletta var utfordrande å seila i mørket. Med 3-4 meter høg bølger og vind bakfrå vart det ingen roleg tur. Derimot vart det fartsrekord på deletappen med 10,5 knop. Det var heller ingen ting å sei på farten i Karmsundet heller. Gjekk med solide 8-9 knop heile vegen. Og dermed fekk me "Fri" i sikte igjen. Hadde aldri drøymd om at me skulle sjå dei igjen etter vindstilla i Langenuen. Desto meir gledeleg gjensyn :) Godt å koma i mål i Skudeneshavn, berre 20 minutt etter "Fri" og fem minutt føre "Shantynette".

onsdag 27. mai 2009

Frisk seilas

Veldig råsevind frå Sotrabrua og til Langenuen. Me har "Fri" i sikte, men har tabba oss litt ut. Likevel har me lært oss eit par triks og er nøgd med innsatsen. Regn i bøtter og spann, nord-vest liten pinglevind, men det kjem nok til å ta seg opp. Greit med lite vind, då får me tid til å laga oss litt varm mat.

Rapport

Strategimøte

Mannskap frå "Fri" om bord for å pumpa oss for informasjon, men sjokoladbestikkelsar held ikkje. Me får nok halda den viktigaste strategien for oss sjølv. Start kl 13. Vinden har auka litt, men heldigvis opplett. På tide å kasta loss.

Seilmakeren Doublehanded

Då er me klare til årets første konkurranse i egen båt. Siste finpuss av mannskap og båtar før avgang frå Askøy med kurs mot Skudeneshavn. Vår hovudkonkurrent er jo utan tvil "Fri" med John og Oln, sjølv om me innerst inne veit at det skal halda hardt. Veret ser ut til å bli bra. Regnet lettar og sola gløttar fram. Frisk bris frå sørvest no i føremiddag, men me får håpa den snur til nord i kveld.

lørdag 2. mai 2009

Neste klar

Då er mannskapet fulltallig og klar for inspeksjon om bord. Rydda og vaska i går. Til neste sesong bør nok sengtøy og dyner lagrast på land. Litt muggen lukt, men lett lufting gjer susen. Skifta gassflaske. Topplada forbruksbatteria. Overskya og regn. Ca 13 grader.

fredag 1. mai 2009

Lys

Sola kikkar fram og det er gode seilforhold utpå. Temperaturen tett oppunder 18 grader. Så kva gjer eg i hamn? Dei siste kontrollmåla må gjerast for å rekna ut lystalet. Med spribommen på 5.22 m så ser det ut til at me bikkar over 1.17. Så no er det berre å gjera klart til den første turen i år. Resten av mannskapet mønstrar på i morgon. Det blir stas!