søndag 27. mai 2012

Knirkefritt

Treplattingen på badet er fin å sjå på, men helvete å gå på. Etter å ha irritert oss over stadig meir knirking, måtte problemet forskast på. Mellombels løysing blei skliduk der treverket møtte plast. No går det an å snika seg på do utan at alle får det med seg. Permanent løysing kan bli filtknottar som er stifta på.

lørdag 26. mai 2012

Namenam

Halve poenget med ein eingongsgrill er kol, men når det ligg 6-7 usle brikettar i ei aluminiumsform blir det lite futt. Biff som må steikast i ein halvtime for å bli varm, er eit dårleg utgangspunkt. Sjarmfaktoren og marshmallows til dessert vog opp for punglegrillen. Strålande vêr. Skyfriit, 20 gr i sjø, 25 i luft og lite vind.

Badetemperatur i mai

Sunn fornuft burde tilsei at det ikkje er behageleg å bada i mai. Temperaturmålaren viser 17,5, noko som i utgangspunktet vil sei at ein overlever ein kjapp dukkert. Mannskapet legg skepsisen igjen om bord og hoppar uti da. Sjølvsagt er kapteinen sist uti. Kan ikkje risikera for mykje heller. Målt i desibel så var årets første bad innanfor akseptable grenser. Litt meir solvarme så kan det bli behageleg sjøtemperatur utover dagen.

fredag 25. mai 2012

På gamle trakterer

Solnedgong og spekemat på Supaneset ved Lysøen. Tett i tett med båtar på sjøen, men berre ein båt hadde ankra opp her før oss. Vindstille og idyllisk utsikt over fjorden.

Pinseseilas

Bris er lasta med godsaker og klar for ei strålande langhelg på fjorden. Roleg vind og varmt, men bortskjemt som me er så er det overraskande mykje skyer. Stemmer tempmålaren for sjø, så er det store sjansar for årets første bad. Tvilar litt på at det er 18 gr i Byfjorden, men det er det berre ein måte å finna ut av. Sparka styrmannen på sjøen.

onsdag 23. mai 2012

Serviceetappe

Timingen for planlagt motorservice kunne vore betre. Sommar og sol får da til å rykka i seilfoten og då er det surt at Bris blir liggande hos Bjordal & Madsen ein dag ekstra enn nødvendig. Men med 27 grader og ny varmerekord i Bergen er slike ting fort gløymd. Dryge 4000 kroner for service (oljeskift, diesel- og oljefilter, sinkanode).

Mannskapet svetta seg fram til Dolviken på sykkel og etter ein kjapp matbit og leskande drikke om bord, var det deilig å komma seg ut på fjorden. Passe vind for ein koseseseilas. Vêrmeldingane lovar godt for at det i helga blir årets første overnattingstur.

tirsdag 1. mai 2012

Byfjorden

Ein lang og sur vinter er fort gløymd når Bergen viser seg sin finaste vårskrud. Sommarstemning blant mannskapet som ikledde seg kortbukser og t-sjorter, men nordavinden blei litt for kald utover ettermiddagen. Etter ein roleg seilas nordover i Byfjorden la me oss til kai i Åsteveitvågen. Der blei lettbåten sjøsatt for ein aldri så liten stresstest, men kapproinga enda med knekt årefeste. Duell blei det likevel. Bris-kapteinen viste musklar og tok ein knipen siger over gjestemannskapet. Retur til Bryggen og sushi, der også Presten velsigna oss med eit besøk. Me lengtar allereie til neste finversdag :)