søndag 17. august 2008

Siste krampetrekning

Ingen ting å sei om plassen i båthamna i Leirvik, men så er også sommaren på hell. Det er berre meg og endene att. Trist, men fint på samme tid. Då kan eg kanskje bli kvitt dei siste bitane av brødet mitt. Siste etappe i årets sommarferie er snart historie...

Måneformørking

Fantastisk fenomen på himmelkvelven. Månen som var full for berre ein dag sidan forsvinn i skuggen av jordskuggen. Herlig syn som ingen hadde varsla på førehand. OL får ta litt at skulda.

lørdag 16. august 2008

Kjeppjagd

Seilasen enda ikkje uventa med ein knipen siger til Hansen. Genaker-seil blir rått parti, men når ein blir skulda for å ha brukt motor to gongar så er det håp. Månen kom opp og vinden forsvann. For motor den siste biten inn til Romsa. Der venta kansje den største overraskinga. I staden for å bli møtt med ei hjelpande hand frå dei som alt hadde lagt seg til for kvelden, vart me kjeppjaga. "Måtte berre sjå til å koma oss vekk. Her kan dåke ikkje ligga." Forklaringa var at dei venta ein båt til. I eit friområde er det ingen som kan ta seg til rette som om dei eig plassen. Sjokkerande oppførel som det ikkje finnes adjektiv til å beskriva, men idiotar er over alt. Også på sjøen desverre.

fredag 15. august 2008

Seilbattle

Vel oppgjerets time er komen. Første test på om Bavariaen kan slå Bjordalen sin Hanse. Ut frå Eldøyane halv sju. Førstemann til Romsa kan smila breitt under ankerdrammen. Fint ver, men lite vind. Og akkurat no ser det ikkje særleg lyst ut med tanke på ankerdrammen i kveld. John ligg dei sure båtlengdene føre.

mandag 11. august 2008

Lekkasje

Hinsides regnver gjer det vått både ute og inne. Sidevindauga har problem med å halda tett. Gått over alle pakningar med klut for å få vekk skit som har lagt seg mellom. Heldigvis er det ikkje blitt klissklass inne.

søndag 10. august 2008

Folkehav

Knakande kjekke helg i Bergen. Galematias med folk under Tall ship races. Solid frukost er unnagjort og kurs for heimehavn kl 10.45. Overskya, men opplett. God temperatur, men syrgjeleg lite vind. Seks-sju knop for motor. Mannskap Roald og Steinar.

fredag 8. august 2008

Tall ship races 2

Skipsfesten i Måløy gav meirsmak. Sildajazzen kom til kort denne gongen. Kurs for Bergen og Tall ship races. Avgang Leirvik kl 10.45. Kryssar oppover Langenuen i liten nordavindskuling. Fint ver, lettskya og over 20 grader. Mannskap Roald. Håkon Kvestad frå Nå sluttar seg til mannskapet seinare i dag. Kan kanskje bli vanskeleg med båtplass i Bergen, men pytt pytt. Herlig seilas frå Leirvik til Bergen, sjølv om det vart kryss. God og stabil nordavind. For motor frå Lerøyosen. Undervegs vart det fiksa båtplass i Sandviken. 1000 kroner for ein liten båtplass er stiv pris for ei helg, men til gjengjeld var det berre å koma og gå når ein ville. Håkon borda oss like før Askøybrua. I sin desperasjon etter å få med seg siste etappen inn mot byn, det kvalifiserar nemleg til ankerdram, fekk han praia ein liten motorbåt til å skyssa seg ut. Gledeleg gjensyn, spesielt når det vankar velkomstsider av beste sort J Med båten i fortøyningane gjekk turen til sentrum. Me blei møtt av eit ellevilt folkeliv og reine 17. mai-steminga. Eit kjapt restaurantbesøk vart etterfølgt av ein solid pubrunde. I godt lag med gode kjenningar gløymer ein fort tida. Så ka då ittepå??? Laurdagen vart nytta til å kikka meir på båtar og folk. Steinar, Toril og Simon hadde tatt turen frå Leirvik. Folkehavet vart om mulig endå større utover dagen. Håkon mønstra av kl 19.30 i Kjøkkelvik. Etter ein kjapp dusj og med godlukt under armane var resten klar for gjenskapa stemninga frå kvelden før. Og for ein kveld det vart! Alt i alt ei kanonhelg under Tall Ships Races i Bergen.

lørdag 2. august 2008

Tall ship races

Studietur til Måløy og litt meir staselege skuter. Heftig folkeliv.