mandag 31. mai 2010

Smiletur på Byfjorden



















Ah... nok ein nydeleg sommardag på sjøen. Sol frå skyfri himmel, liten bris frå nord og nærmare 20 grader i lufta gjer livet herleg for seil. Måtte dette vêret berre vara.















Kapteinen på "Lykkeliten" hadde mønstra på som mannskap. Etter smilet å dømma så likte han seg bak roret på "Bris". Eit par slag vart det tid til før me vart tilbake i båsen. Satsar på ny tur i morgon.


søndag 30. mai 2010

Kortebuksevêr




Årets første seiltur i tskjorte og kortebukser. Rett og slett deilig. Turen gjekk nordaust langs Askøy. Fann oss ei vik i perfekt avstand for korte ettermiddagsturar. No må me berre få ankeret på plass slik at me kan ankra opp i uthavner.

Retur til sentrum for sushi take away (nam nam) før me bakka oss inn i båsen. Litt småstyr med å tilpassa fortøyningane. Skulle nok hatt lengre uteliggarar, men med litt kreative løysingar så er Bris sikra godt i begge endar. Fordelen med å ligga med baken inn er to: No kan me nyta kveldssola, samt at det blir lettare å koma om bord når badeplattforma kan leggast ned.

Eit skår i gleden var at vasspumpa til ferskvatnet slutta å funka. Skulle testa dusjen på badeplattforma då den streika. Satsa på det var sikringen, men lite som tydar på det. Får feilsøka meir i morgon.

onsdag 26. mai 2010

Mens me ventar på sommaren


Kor blir det av finveret? Regn og hagl gjer det bitande kaldt utpå. Returen frå Bakkasund vart både våt, kald og vindfull. Me satsa friskt og heiste klutane i Korsfjorden, men det vart etterkvart litt for mykje i denne omgang. No virkar ikkje vindmålaren, men det var nok kuling i kasta. Her tar me det stegvis. Blir nok tøffare etter kvart.

No ventar me på sommarvêr. I mens gjeld det å nyta båtlivet så best ein kan. Då er fersk laks med friske grønsaker å anbefala. Vel bekomme.

søndag 23. mai 2010

Første seiltur


Mannskapet gjorde seg klar for tur i går, men kom ikkje lengre enn til forpiggen. Fordelen var at me kom oss tidleg avgårde i dag. Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko.

Godt nøgd med seileigenskapane til Bris. Bestenotering så langt i dag er 7,4 knopp

Kurs for Bakkasund. Overskya, bris frå nordvest og ti grader.

tirsdag 18. mai 2010

I havn

Då var endeleg dagen der. Nye-båten er komen heim. Blei ein sur tur frå Leirvik, men med gode klær og varme i salongen gjekk det heilt supert. Brukte litt i underkant av åtte timar, så no er motoren snart ferdig innkjørt.

I Korsfjorden fekk me testa korleis båten takla høg motsjø. Magaplask er vel godt dekkande.

No ligg båten i fortøynigane, men det blir nok ikkje lenge. Vermeldingane ser svært lovande ut framover.

søndag 16. mai 2010

2. etappe

Då er kursen satt mot Bergen. La ut frå Leirvik kl 10.15. Rimeleg sur start med regn og vind, men litt lettare i Nuen. Litt smådårlig søvn i natt ettersom det tromma ned med regn. Men humøret er på topp etter ein knakande god frukost med omelett og chiabatta.

torsdag 13. mai 2010

Leirvik havn

Då var me vel i havn på 1. etappe. Leirvik har fått ein ny attraksjon. Turen tok litt i underkant av ni timar for motor. Strålande vêr, men litt småkaldt. Mannskapet er svært nøgd med båten så langt. Også velkomstkomiteen såg ut til å lika det dei såg. Skal me pirka på noko så må det bli støyen frå vifta i motorrommet. Hinsides all fornuft med så mykje bråk.

No gler me oss til seiltur i morgon.

1. etappe

Endeleg er me på vei mot Bergen. Fann feil på vindinstumenta i går, og det måtte fiksast før me la ut. Men ting tar tid, sjølv om eit utålmodig mannskap var tidleg oppe. Feilen vart lokalisert, men no gjenstår kalibrering for at givaren skal snakka med insrumentet på pidestallen.

Fylt 130 liter diesel! Går for motor. 8 knopp på 2500 omdreiningar. Lett vind, delvis skya og fint vêr.

onsdag 12. mai 2010

På eigen kjøl


Hurra. Første møte med nyebåten etter at ho kom på sjø. Vakkert. No skal me berre gå rundt og smila litt for å la inntrykka strøyma på.

Prosjekt "Hem t Bergen" er igang

Mannskapet har sett kurs for Stavanger. Denne gongen ved hjelp av Kystbussen. Avreise Bergen kl 13 med ankomst kl 18. Då får me satsa på at båten er fiks ferdig og at alt virkar som det skal.

Monterer kartplottar i kveld og set skikkeleg kurs mot Bergen i morgon tidleg. Veret er fin-fint så det blir ein kanontur oppover. Så får me sjå kor langt me me kjem på den etappen.