søndag 5. juli 2009

D-dagen

Så var dagen komen for å gjera eit seriøst forsøk på å nå tilbake til sivilisasjonen. Litt overskya i morgontimane, men no ser det ut til at skylaget er i ferd med å sprekka opp. Framleis varmt og badetemperaturen er behageleg. No kryssar me fingrane for at solgangsbrisen står oss bi i ettermiddag. For heldigvis har me seilbåt.

Statusrapport:
Startproblem
Lite straum...
...og svært lite snop
Tomme vanntankar...
...og tomt for øl

Trass i bagatellmessige problem er humøret på topp, og enn så lenge ser det ikkje ut til at mannskapet har tenkt å gjera mytteri. Men så har ikkje førebuingane for seilasen mot heimehavn heilt begynt.

lørdag 4. juli 2009

Frukost med bismak

Nok ein fantastisk morgon med sol frå skyfri himmel. Dagens første dukkert er unnagjort og nedkjølinga kan trengast. Gårsdagens feilsøking enda med lettare sveiseglimt og svidde augebryn. Klarte på (u)forklarligvis å kortslutta hovudsikringen til forbruksbatteria. Etter lettare bannskap glei det fort over i fortviling hos mannskapet. Utsiktene til null kjøling, ingen vatn og eit mørklagt skip var ingen god tanke. Men heldigvis var det ekstra sikring om bord og spøkelsesskipet fekk på magisk vis tilbake sin eleganse. Så spørst det om me kjem oss her i frå. Straumnivået på forbruksbatteria kryp sakte, men sikkert mot raudt. Ergo er det lite straum til viktige funksjonar. Ankeret kan bli svært tungt å få opp for hand, men den tid den sorg. I dette veret gjer det ingen ting å ligga litt ekstra.

fredag 3. juli 2009

Utspekulerte Mons

Måsen Mons har lagt sin elsk på båtfolket. Fleire gongar for dagen kjem han på tiggarbesøk i håp om at me slenger uti ein matbit. Med stivt blikk søm han rundt båten vår og ser nærast bedande på oss. Sjølv om småfisken vaker like rundt beina på han, så gidd ikkje sløve Mons å stressa. Det gjer heller ikkje me. Nok ein fantastisk dag, om mulig litt betre enn i går. Så får me sjå om me får start på skuta. Straumproblem bak til startpanelet gjer at det ikkje er like lettvint.

Kongeferie

Første kvelds- og morgonbad er unnagjort. To havørner dukka opp over Romsa like etter frukost fredag. Fantastisk syn i nydeleg sommarver. Vindstille, godt over 20 grader både i sjø og på land.

Me mønstra på i går ettermiddag, etter ein maratonetappe dagen før. Med fly frå Amsterdam kl 21.30 til Oslo og rett i bil med kurs for Vestlandet og båt. Haldt oss våkne til Voss, der augo klappa saman kl 06.30. Opp igjen to timar seinare. Dusj og pakking i Bergen før siste etappe mot Eldøyane. Etter "litt" proviantering så var det endeleg klart for vind i håret og sjølukt i nasa kl 16.

lørdag 13. juni 2009

Ny seilskade

Har ikkje før fått reparert storseilet så dukkar det opp ein ny skade. Denne gongen er det genoaen som har fått seg ein rift i bakkant på seilduken. Dermed var nok Seilmakaren litt røffare enn først antatt. Me er på dagstur til Romsa. Nordleg frisk bris, delvis skya opphald. 5 knop i medvind med fokka. La ut frå Leirvik like etter kl 14. Retur i ettermiddag/kveld.

Seilet reparert og på plass

Endeleg er storseilet på plass igjen. Rett nok er det ikkje estetisk like vakkert, men det funkar forhåpentlegvis slik det skal. No var ikkje eg spesielt sterk i brodering som ung, men vurdert ut frå prisen på 1800 kr er akterliket sikker sydd med Hardangersaum.

onsdag 3. juni 2009

Tre veker utan seil

Då er storseilet levert inn til reperasjon. Ser ut til at det kan ta minst tre veker. Årsak: Det var ikkje berre me som fekk uventa problem med utstyret under seilasen. Vel, no får me kanskje meir tid til førefallande arbeid.