onsdag 15. april 2009

Sesongopning

Svært fin tur på Byfjorden med kapt. Velsvik. Mønstra på i Sandviken klokka 11. Strålande solskin og stille sjø. Kanskje ikkje den beste dagen for segling, men desto meir varma sola i nakken :) Dette var rett og slett medisin for sjela.

lørdag 11. april 2009

Vårpuss

Aller helst skulle båten vore på sjø med det flotte vêret som var i påsken. Men det kjem nok fleire flotte dagar, og så er det jo kjekkare å ta båtpussen utan at det regnar sidelengs. Litt fram og tilbake før båten kom på land hos Aasheim slipp i Sagvåg. To-tre strøk med nytt bunnstoff, skroget er rubba og bona, så no skin skuta frå topp til tå.

lørdag 6. september 2008

Då håpet var som størst

Slaget er tapt

Heller ikkje i dag vart me samde om reglane. Målpassering skapte heftig diskusjon. Øst eller vest av Kyrkjeholmen. Uansett så må me berre innsjå at Totti-laget hadde ein kjappare båt. Hanse 350 mot ein grodd Bavaria 36 blei for tøft. Grilling i sommarvarme ved Fjellbergøy. Retur til Leirvik på kvelden.

fredag 5. september 2008

Bluesseglas

Kanonver på dag 2. Og meir er det ikkje å sei om denne dagen. Knipen siger til Totti-laget. Tre timar frå Ljøkelsøy til Skånevik. Tacofest i båten og utsikter til bluesmusikk på kvelden.

Lunsjstopp

Ujamn konkurranse på dag ein. John sitt lag stakk av og fekk eit forsprang som var umogeleg å ta igjen. 2 timar og 16 sek på vinnarane. Ein halvtime etter kom me andre i mål som god nr 2. Lunsj og evaluering av dyktighet og udugeleghet ved Ljøkelsøy. Neste etappe inn til Skånevik. No skal me ta dei.