fredag 25. juli 2008

Den ubestemmelege turen


Himmel og hav for eit ver!!! Det som eg trudde skulle bli ein fin tur til Romsa onsdag, vart brått omgjort til ein tur til Flatråker. Inger hadde ombestemt seg og ville likevel bli med på tur. Eg er ikkje den som er gniten på å la folk få oppleva seillivet. Ny kurs i 12. time. Lite vind og motor til Tysnes. Mannskap om bord kl 12.15 og kurs for Langenuen retning nord. Litt fram og tilbake, så kom det god seilvind. Fin kryss oppover til Sandvikvåg. Is og det som høyrer med. Retur Flatråker og tid for å mønstra av. Men så enkelt skulle det ikkje bli. Ubestemmelege tysnesingar. Men når ein falle pladask for seillivet blir andre gjeremål uvesentlege. Landsskytterstevne kunne venta ein dag eller faktisk to til. Så ein kort tur på onsdagen er blitt til tre dagar på sjøen i sunnhordlandsbassenget. Slikt rører jo eit seilhjarta. Kort oppsummert: Onsdag kveld Leirvik og ankerdram hos Dag Inge og Hanne. Torsdag Borgundøy og grilling. Men i dag var det ugjennkalleleg slutt, etter å ha lagt på svai ved Lykelsøy i natt. Kurs for Os i kveld, etter eit kort besøk på Eide.

1 kommentar:

Anonym sa...

hehe, ska ikkje vera lett med ubestemmelege Tysnesingar, nei.. Tusentusentusentakk for ein fantastisk opplevelse!!!

Klem Inger