fredag 8. august 2008

Tall ship races 2

Skipsfesten i Måløy gav meirsmak. Sildajazzen kom til kort denne gongen. Kurs for Bergen og Tall ship races. Avgang Leirvik kl 10.45. Kryssar oppover Langenuen i liten nordavindskuling. Fint ver, lettskya og over 20 grader. Mannskap Roald. Håkon Kvestad frå Nå sluttar seg til mannskapet seinare i dag. Kan kanskje bli vanskeleg med båtplass i Bergen, men pytt pytt. Herlig seilas frå Leirvik til Bergen, sjølv om det vart kryss. God og stabil nordavind. For motor frå Lerøyosen. Undervegs vart det fiksa båtplass i Sandviken. 1000 kroner for ein liten båtplass er stiv pris for ei helg, men til gjengjeld var det berre å koma og gå når ein ville. Håkon borda oss like før Askøybrua. I sin desperasjon etter å få med seg siste etappen inn mot byn, det kvalifiserar nemleg til ankerdram, fekk han praia ein liten motorbåt til å skyssa seg ut. Gledeleg gjensyn, spesielt når det vankar velkomstsider av beste sort J Med båten i fortøyningane gjekk turen til sentrum. Me blei møtt av eit ellevilt folkeliv og reine 17. mai-steminga. Eit kjapt restaurantbesøk vart etterfølgt av ein solid pubrunde. I godt lag med gode kjenningar gløymer ein fort tida. Så ka då ittepå??? Laurdagen vart nytta til å kikka meir på båtar og folk. Steinar, Toril og Simon hadde tatt turen frå Leirvik. Folkehavet vart om mulig endå større utover dagen. Håkon mønstra av kl 19.30 i Kjøkkelvik. Etter ein kjapp dusj og med godlukt under armane var resten klar for gjenskapa stemninga frå kvelden før. Og for ein kveld det vart! Alt i alt ei kanonhelg under Tall Ships Races i Bergen.

Ingen kommentarer: