torsdag 9. juli 2009

Ferieidyllen er tilbake

Kvar dag kjennes som eit lite mirakel. I alle fall om ein legg til grunn det som har skjedd dei siste dagane. Etter ein kort prøvetur i går ettermiddag med gjentatte start og stopp, vurderte me situasjonen som tilfredstillande. No får det berre brista eller bera. Så no nyt me livet blant holmar og skjær i Sunnhordland. Akkurat no ligg me for anker ved Løkjelsøy, litt unna dei andre båtane. Ny flytebrygge er nettopp komen på plass, noko som gjer friområdet meir tilgjengeleg for fleire båtar samstundes.

Vindstille, overskya og ca 19 grader. Badetemperaturen er over 20 grader. Livet er fantastisk.

1 kommentar:

John Bjordal sa...

Interessant med flytebrygge, her må me inspisere:) takk for tipset, me han alltid logge på den plasse det ligg her, men særs upraktisk med Ola...