torsdag 22. juli 2010

Jærens rev i seila

Friskt inn til Tananger i går kveld. Vinden som var meldt kom heldigvis seint. I tillegg var han ganske kraftig og ikkje spesielt fristande å gå i vidare sørover. Men etter heftig gransking av vêrmeldingane kom me fram til at det kunne gå greit å legga ut frå Tananger mot Egersund. Kl 0800 kasta me loss og var eigentleg ved godt mot. Ein halvtime seinare ikkje fullt så høge i seilarhatten. Rimeleg tung sjø og vind opp i kuling styrke. Langt frå det som var meldt. Etter litt fram og tilbake fann me ut at me prøver litt til. Betre å gå med sjøen enn å snu for å gå tilbake. Bølgene var nok opp i minst tre meter på det verste og vindmålaren stod konstant på 10 m/s sjølv om me gjekk med vindretningen. Mannskapet fekk kjørt seg, men både dei og båten stod han av. Deilig å komma inn til Egersund i strålande sol og det som må kallast sommartemperatur for ein vestlending. Her blir me til i morgon og då får sjå om me stolar på meldingane for dei neste dagane.

1 kommentar:

John Bjordal sa...

Ska sei, flott jobba BRIS. FRI er grønn av misunnelse, men me kjem sterkt tilbake får me håpe. Vel, når ein fyrst er i Egersund må ein jo litt lengre, tippar de endar opp i Mandal eller Kr.sand:) Nedover er jo Farsund sjarmerande og Rasvåg på Hidra fall eg heilt for etter eit stopp på henteturen for 2 år sidan. Kort og grei etappe frå Egersund. Lista Havn er jo også flott i godt ver, men der har eg berre seilt forbi. Lykke til!