onsdag 11. august 2010

Oppgjerets time















Ved første augekast er det lett å bli forelska i den nye Bavaria 32 Cruiser. Gedigen badeplattform og ein elles så svært freistande utforming med sært mange gode løysingar. Det er likevel eit par ting å setja fingeren på.

Til sengs
 













Første date ser bra ut, tiltalande og fresh i stilen. Belysninga i salongen er noko av det beste me har sett. I tillegg er interiøret, lyst, funksjonelt og triveleg. Det er først når lyset er sløkt og du lettar på dyna at den første kjensla av at noko ikkje er som det skal vera.

Akterkabinen som såg så stor og flott ut i fantasien har krympa til knallhard røyndom. Den blir faktisk i minste laget for to normale menneske. Ulike sovestillingar blir testa ut. Rett fram. På skrå. Andføttes. Sitjande. Same resultat. Det er kul umulig å vri seg utan at ein dultar borti noko. Dermed får ein fort litt klaustrofobi. No skal sant seiast at det er lagt på ei overmadrass på kanskje 8 cm, men standardmadrassane er med respekt å melde til å få ryggproblem av.

Forkabinen har hatt overnattinggjester utan nemneverdige klager, men også her blir det trongt heilt innerst i baugen. Derimot er det betre armslag. Om dette kan fungera som hovudlugar gjenstår å sjå, men det skal testast ut.

Sofaen i salongen er lang nok for dei fleste. Breidda er heller ikkje så verst. Til middagslur fungerar dei ypparleg, men også som overnattingsplass.

Tankeforviklingar
Misforstå ikkje. Bavaria har laga ein svært romsleg 32-fotar med eit tiltalande ytre og indre. For å føregripa konklusjonen så er me godt nøgde. Men vår erfaring etter ein halv sesong er at den kunne vore betre på komfort.

Vasstanken er på 150 liter. Ikkje spesielt mykje om ein har lyst å ligga ei helg i uthamn. Det går styggfort å tømma tanken om ein ikkje er særs gniten på dråpane. Verre er det at septiktanken også er underdimensjonert. No kan ein jo alltids rømma til havs for å tømma skiten, men det er ikkje alltid like lett.

Kvifor dieseltanken er like stor som vasstanken er litt uforståeleg. Me er trass alt om bord i ein seglbåt.

Regnar inn
Cockpiten er svært romsleg. Med cockpittelt blir det eit ekstra opphaldsrom når veret blir litt vått. Då er det irriterande at dreneringa fram om sprayhooden fører regnvatnet inn på dørken i cockpiten. Vatnet går bakover under rekka ved luka ned til salongen, og så ned langs sidene. Regnar det slik det kan regna på Vestlandet, så kjem vatnet sildrande inn på drøstokken og vidare ned i salongen.

Konklusjon














Skal godt gjerast å finna ein båt som oppfyller alle ønskjer og krav. Spørsmålet er kor mykje som kan modifiserast. Bavaria Cruiser 32 er etter alle solemerker den største i sin klasse. Her får du uhorveleg mykje seglbåt for pengane. 

Så langt har det vore få barnesjukdomar. Båten seilar godt og verkar godt skrudd saman. Finishen er som forventa.

2 kommentarer:

John Bjordal sa...

Steike, vart redd dåke sku selge når eg såg overskrifta:) Det er ein flott båt, uten tvil, synd med sovekomforten, men eg trur det er håp, det er ikkje lett å trylle fram meir plass i forkabinen, vår erfaring er at det slår seg meir også i forkabinen slik at ein merkar at det er fuktig når eg legg seg. I akterkabinen ligg varmarslangane under køya og der er det alltid knuskt tørt, det er deilig. Vil tru det blir litt likt hos dåke?
Eg ville nok jobba med å få ned høgda på senga i akterkabinen, det må ikkje vere 20 cm for å få god komfort. Tempur har f.eks sinnsjuke madrasser som ikkje bygger allverden (sinnsjuk pris også, men, men). Videre finnes spesielle sengebotnar for båt, spiler. Usikker på kor mykje desse bygger i høgda, men her er det berre å starte forskninga og kanskje prøve med eit innlegg om temaet på www.baatplassen.no, verdens beste forum for båtinteresserte. Der får du ein veldig mange gode råd.

Per Vidar sa...

He he, var kanskje litt krass, men ingen grunn til å skjelva. Alle båtar har sine utfordringar. Skal du ha meir av noko går det gjerne på bekostnig av noko anna. Tempur har alt vore diskutert, og ja det kostar nesten meir enn det smakar. Du har nok rett i at det kan bli litt klamt i forkabinen, men i 36-en gjekk det tolig greit.