onsdag 17. november 2010

Provisorisk vinterkalesje


Ideelt sett så skulle me hatt ein garasje for vinterlagring, men veldig vanskeleg å oppdriva her omkring. Så då blir ein uorginal presenning løysinga. Surra i beste Reodor Felgen-stil håpar me det held mot vêr og vind. Litt mindre slitasje på sprayhooden og kanskje litt vern mot støv og skitt.

Inni er Bris tørr og fin uansett kor mykje det bøttar ned, så i så måte er presenning unødvendig.

2 kommentarer:

John Bjordal sa...

Det såg jo greit ut det der! Spørsmålet vert korleis det står seg når ver og vind har nappa litt i den. Har du festa med strikk eller tau?. Solid strikk kan vere greit, men dukar med litt vatn i er jo perfekt, men ikkje lett å få til når båten ligg på sjøen. Då vert det for gnissing på skroget... Held på med tankar rundt dette sjølv, men trur det blir sprayhood og cockpitkalesjeslittasje i år også... Dei har fått kjørt seg og ser betydelig eldre ut enn 2 år... så å få spart på dette utstyret er smart...

Per Vidar sa...

Og svaret på det spørsmålet er at det alt no ser litt dårlig ut. Var ned om i dag og kikka litt, og såg at rekkestøttene hadde gnaga seg vei gjennom presenningen. Så noko langsiktig løysing ser det ikkje ut til å bli, men det funkar enn så lenge.

Temperaturen i båten held seg no heldigvis på pluss-sida. Har litt angst for ferskvannssystemet, at kulden skal få has på ein eller anna slange. Prøver å ha passe med varme på i båten. Enn så lenge har det berre vore ned i 3 grader på det kaldaste.