torsdag 13. oktober 2011

Fokkevask

Endelig eit par finversdagar. Sesongen blir neppe lengre av den grunn, men perfekt til å få vaska og tørka seil. Fuktig ver har satt sine uunngåelige spor på forseilet. Ubeskytta på rull blir det fort grønske og skit. Ein kjapp runde med spyleslange og svamp heima i hagen fekk av det verste, men langt frå godt som nytt. Får sjå om det er vits å ta ein ny runde til våren.

Ingen kommentarer: