Vår, sol og fin seilvind. Livet som båteigar er som regel god på slike dagar. Fokka har fått overvintra innom hus i år, men storseilet gav nok fart til at smilet kom fram hos mannskapet. Hyggeleg å ha tidlegare "Lykkeliten"-mannskapet med på tur.
Bris skulle endeleg hentast etter meir enn ein månad hos Båtservice Vest i Florvågen. Å få skjert til dei nye platene til dørken skulle visa seg å vera veldig vanskelig. Men no er platene på plass, dog med forskjellig farge på fugene. Hakka i kjøkkenfronten og lekkasjen i dieselmålaren er ikkje gjort noko med. Fascinerande kor lang tid det kan ta å få ordna opp i ein reklamasjon. Sjølv om Lunde Båt lova dyrt og hellig at no skulle det fiksast, så skyffar dei nok ein gong.
Vårpuss og montering av hekkteøster
for 20 timer siden



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar