onsdag 28. juli 2010

Gå etter lukta

Då var turneen sørover over for denne gang. La ut frå Torsøyene kl 10 med kurs for Egersund. Overskya og lite vind. Gjekk på baksida av Hidra og ut i havet. Motoseilte med gode 7 knopp i medstraum. Straumen endra seg derimot raskt lenger ute og det samme gjorde framdrifta. Kunne nok tent ein knopp ekstra om me hadde studert straumkartet. Men verforholda var så perfekte at me like godt seilte forbi Egersund med kurs for Tananger. Lenger nord tetta det seg til med lett regn og redusert sikt. Frykta ei tid at skodda skulle bli alt for tjukk. Men det var eigentleg berre å gå etter lukta frå Jæren. Utanfor Jærens rev lukta det ræv. Vinden vart friskare ut på kvelden. Gjekk for motor inn mot Tananger, men valgte like greit å ta turen heilt til Stavanger. Det me ikkje hadde tenkt på var Matfestival og null båtplass. Fekk heldigvis lagt oss utanpå ein HR 37 i Bekhus båthavn. Svenskane skulle dra tidleg neste morgon og me tenkte yes no har me plass. Men den gang ei. Tydeligvis stikk ikkje HR spesielt djupt. Dybdemålaren viste 1,6 meter og sikker grunnstøting. Etter å ha gjort eit par forsiktige forhalingsforsøk gav me opp. Her tok båten nedi same kva. Gode råd var dyre og den etterlengta morgonsøvnen var det berre å sjå langt etter. Ein kjapp tur innom Lunde båt der me la oss til for frukost og eit rådslag. Men med nydeleg vêr var valet enkelt. Uthavn på Lindøy. Flott anlegg med brygger, svaberg og grasbakkar. Langt betre enn svette båthavner i Stavanger.

Ingen kommentarer: