mandag 2. august 2010

Stavangerliv





Mannskapet har hatt varierte dagar i oljebyen. Frå late dagar på vakre Lindøy til full guff på Gladmat-festivalen. Dei store smaksopplevingane vart det kanskje ikkje. Ein kebab i farten for å få blodsukkeret under kontroll var behaldninga. Desto betre var det å treffa på gamle kjente.

Etter to netter hos Lunde Båt vart det endeleg montert kryssholdt midtskips. Mellom landligge har mannskapet fått tid til eit par turseilasar. I går fekk me oss ein snartur innom den botaniske oasen Flor og Fjære på øya Hidle, sjølv om det ikkje er lov å koma uanmeldt.

Siste natt i Stavanger tok me i gjestehavna. Avreise i dag kl 10 med kurs for Haugesund. Fint vêr og frisk vind i frå nord. Ein kort lunsjstopp på Dragøya, der me fekk overraskande besøk av Lykkeliten, var me i havn i Sildabyen kl 17.

1 kommentar:

JanB sa...

Synd de ikkje fekk med dykk meir av Ryfylke enn Sør-Hidle og Flor & Fjære. Ryfylke er eit paradis for båtfolk. Ta det igjen ein annan gong.

På Lindøy var det for øvrig tidlegare ein institusjon for uskikkelege ungar. Det var der me blei trua med å bli sende til, dersom me ikkje oppførte oss fint. Ein myteomspunnen, skummel plass som no tydelegvis har blitt ei flott hamn (har ikkje vore der sjølv, verken før eller i nyare tid...).

God tur vidare!

JanB
"Moira II"