onsdag 17. august 2011

Irriterande ladesvikt

Batteriladaren ser ut til å ha tatt kvelden, og det berre etter eit drygt år i drift. Enkel feilsøking gav lite svar. I den ellers rikhaldige manualveska som føl med båten, mangla sjøvsagt instruksjonen til Quick-ladaren. Fann den på nettet, men til liten nytte. Det er berre å føra opp ladaren på reklamasjonslista til Lunde Båt. Har venta i over eitt år på å få utbetra transportskader på båten, men ingenting har skjedd så langt.

1 kommentar:

Per Vidar sa...

Så lenge dei kan skyva rekninga over på andre, er Lunde Båt rask med å ordna opp. Transportskadene burde vore like enkel, men garantert ikkje gjort på korrekt måte. Så i denne samanheng anar eg ugler i kjølsvinet...