torsdag 18. august 2011

Teakbehandling

Produktutvalet for behandling av teak om bord i båt er rikhaldig. Det samme er råda for kva som er lurt å gjera. Nokon svergar til SnappyTeak, andre til grønnsåpa og skurekost. I år satsar me på nanoteknologi. Holmenkol sin Woodcleander + Brightener lovar eit fantastisk resultat utan å vera skadeleg for treverket. Så i eit forsøk på å bevara teaken best mulig, samt redusera tidsbruken på vedlikehald, slår me til på vidunderstoffet til ein prislapp på godt over tusenlappen. Lovnaden er at teaken blir god som ny.
Ein pakke rensemiddel utblanda i 10 liter med vatn skal løysa opp skit og smuss, og få fram fordums prakt. Me går på med krum nakke og ein skurekost. Ingen tvil om at treverket var skittent. Eit par rundar måtte til før skyllevatnet såg nokolunde reint ut. Å sei at det såg som nytt ut, er å ta litt hard i, men det blei i alle fall betre. Etter at alt hadde fått tørka godt opp forsegla me teaken med to strøk av nano-stoffet. Restulatet blei alt i alt bra. Overflata har no fått ei vannavvisande, UV-bestandig hinne som ikkje tar til seg algar og skit, dessutan er det lett å reingjera. I tillegg er det minst like sklisikkert som før. No blir det spanande å sjå kor lenge det varar.

2 kommentarer:

John Bjordal sa...

Spennande, eg har og tenkt å gjere akkurat det sama. Har du mykje igjen av stoffet så kan eg jo gjerne kjøpe av deg hvis du vil...

Per Vidar sa...

Hadde vore ein god ide, men eg er rimeleg sikker på at det er forlite igjen på flaska. Reknar med du har minst like mykje teak å dekka som eg, så du må nok ha literflaska. Dessutan kan da vera greit å ha litt ekstra å ty til. Angrar litt på at eg venta så lenge før eg behandla treverket. Kan vera lurt å slipa ned viss den er blitt veldig matt. Gløden blei ikkje heilt slik eg hadde håpa på, men bra nok. Så langt er eg i alle fall svært nøgd med kor lite skit som legg seg. Har du forresten peiling på batteriladarar? Driten er heilt dau, men eg finn ingen sikring som er røken...